Danger Sign
• Recent snowdrift • Område: Generelt på fjellet. Skildring: På køyreturen til Røldal såg eg d føyka i toppane. Middels-kraftig snøfokk. Sikkert lite snø å flytte på etter kvart. Frå aust. Det føyka framleis då eg køyrte heim, så vinden har nok flytta på litt snø i dag også - inn i vestlig-og overlappende sektorar.
Avalanche Activity
• 10. Jan. During the day (+01:00) • No avalanche activity • Observerte ingen fersk aktivitet.
Weather
• No precipitation • -3 °C • 7 m/s from E ← • 20% clouds • Relativt kaldt og klart. Kanskje eit par tre cm nysnø I natt. Vind i høgda. Litt meir skjerma i Håradalen, men tiltakande vind - mogleg meir dreiende/vekslande frå sør-søraustleg-austleg retning - påvirka av topografien.
Snow Cover
• 90 cm • Moderate snow drift • 3 cm • Elevation of new snow 200 masl. Snow line at 500 masl. Layered snow begins at 600 masl • Storm slab (soft slab) • Dry • Varierende overflate lokalt. Påvirka av vind i dei fleste himmelretningar, men innslag av ubunden snø i leformasjonar og i skogen. Varierende mengde snø i regionen (sjå eigen obs om det).
På dei mest aktuelle lokalitetane for skiferdsel i regionen, så finner ein eit samanhengande skiføre frå ca 600 moh. Merk at denne høgda ikkje er representativ for regionen sett under eitt. Opp til ca 800-900 moh så består snødekket stort sett av ubunden snø (i skogen), samt vindpåvirka snø som kviler på barmark. Marka er delvis frosen enkelte plassar, men her er det også variasjon i regionen. Over 800-900 moh består snødekket av meir tydeleg lagdeling: smeltepakke i botn, delvis kanta fokksnø over og ulike lag av nedføyka nysnø og fokksnøflak over (vinden har jobba med ulik hastigheit og periodevis dreiende vindretning).
Regionen har stor variasjon i mengde snø, men generelt er det relativt lite snø. Områda rundt Håradalen har bra med snø, medan det andre stadar kan vere særs dårleg føre like til 1300 moh.
Tests
• ECTP6@34cm(Q2) • Poor • Ulike lag som kviler på kanta fokksnø/delvis nedbrutt nysnø. Grov mot vest-nordvest. Tek ein kjapp sjekk høgare opp i sørlig sektor.
Snow Profile
• 1 test connected to snow profile • Nordvest vendt. Lite leheng: 30 grader (ca). • 6 Stratigraphy layers • 9 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of faceted snow above a crust • Within half a meter • The weak layer collapses easily and clean (easy propagation). The collapsing weak layer is thin < 3 cm. The overlying slab is soft. A big and identifiable crystal in the weak layer. • Easy to trigger • 2 - Medium • Some steep slopes N, NE, E, SE, S, SW, W, NW above 800 masl • Det er ikkje utenkelig at dette kan gi str. 3 skred, men mest truleg str.2. Lokalt vil det vere aktuelt i "noen" til "mange" heng, men regionen sett under eitt så vil nok "noen" vere meir representativt.
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • The weak layer collapses easily and clean (easy propagation). The overlying slab is soft. A big and identifiable crystal in the weak layer. • Easy to trigger • 2 - Medium • Some steep slopes N, NE, W, NW above 600 masl
Avalanche Danger Assessment
• Pågåande vindtransport fører til fersk pålagring. Ver difor obs på ferske fokksnøflak. Dreiende vindretning siste 24-48 t gjer det aktuelt i fleire himmelretningar. • Som kjent så er det på veg inn ei "Atmosfærisk elv" - noko som høyres valdsamt ut. Dette vil, avhengig av temp og nedbørsintensitet, gi auka skredfare. Ein bør eigentleg berre halde seg unna alt som heiter skredterreng når det står på som verst. Den ekstra belastninga på snødekket, som været truleg vil generere, vil føre til at ein kan få naturleg utløyste skred. Alt er avhengig av mengde og temp, men både våte laussnøskred, våte og tørre flakskred og kanskje sørpeskred vil vere aktuelt. Regionen ber preg av stor variasjon, så faregraden vil ikkje nødvendigvis vere representativ for heile regionen. • 3 Considerable • Forecast correct • Per no så ligg vi truleg på ein FG3 evt sterk FG2. Summen av alle henga og skredproblema er kanskje "mange", spesielt mtp varierende vindretning, det er lett å løyse ut, og potensiale for str. 2 skred gir meg FG3. Ikkje umogleg at det kan gå str. 3 skred, og eg tenker difor at FG3 er fornuftig. Dog, det kan diskuterast om "mange" er å overdrive litt mtp utbreiing for regionen sett under eitt. Lokalt, der det er føre for ferdsel i- og nær skredterreng, så er summen "mange", men for regionen sett under eitt så er kanskje "noen" meir representativt då det i store deler av regionen er lite snø og følgjeleg ein lågare faregrad. Men om ein tek høgde for skredstr. 3, noko som ikkje er umogleg, så endar eg på ein FG3 uansett. Uansett viktig å presisere i tekstvarselet at det er variasjon i regionen. Der det er naturleg for ferdsel på alpine turski mtp snømengde, så er det FG3.
Notes
• Redigeres. Legg inn ny obs ligg høgare i terrenget i anna himmelretning.