Danger Sign
• Recent snowdrift • Område: Generelt på fjellet. Varierande grad - moderat til kraftig. Då eg var ute bles det frå nord-nordvest.
Avalanche Activity
• 5. Jan. During the day (+01:00) • No avalanche activity • Kunne ikkje sjå noko fersk aktivitet, men snøfokket kan ha dekka til mindre skred.
Weather
• No precipitation • -3 °C • 7 m/s from NW ↘ • 50% clouds • Nedbør til og med i går kveld. Klarare vêr frå natt til i dag. Vekslande skydekke i føremiddag. Tilskyende kl. 12, men truleg forbigåande då det er meldt klarvær neste 24-36 timar. Fallande temp utover ettermiddagen.
Snow Cover
• 90 cm • Moderate snow drift • 60 cm • Elevation of new snow 400 masl. Snow line at 600 masl. Layered snow begins at 800 masl • Storm slab (soft slab) • Dry • Varierende overflate frå vindpakka mjuk til relativt laus nysnø. Det har falle omlag 40-60 cm nysnø sidan snøfallet starta. I enkelte leformasjonar kan det ligge meir pga transport. Truleg er snødekket i enda større grad påvirka av vind i høgda med omsyn til flakdanningar.
For regionen sett under eitt så varierer det ein del i mengde snø, høgde for samanhengande skiføre osb. For ytre del så må ein helst innover i dalføra i retning av av Folgefonna for å finne skiføre, og då helst relativt høgt til fjells. For indre del så finner ein bra skiføre i området rundt Røldal, frå ca 700-800 moh og opp.
Grense for lagdelt går på sirka 800 moh. Her finner ein ein kompakt base med nysnø og vindtransportert snø over. Jo høgare ein kjem, jo meir kompleks vert lagdelinga, men forut for siste snøfall så var dei ulike laga i stor grad påvirka av temp og regn.
Tests
• ECTN6@11cm(Q3) • Medium • Fersk fokksnø. Smuldrar opp - har manglande evne til å propagere. Maks str. 1 lokalt. Truleg str 2 i høgda. Evt laussnøskred.
• ECTN12@34cm(Q3) • Good • Overgang til underliggande fokksnø.
Snow Profile
• Sørlig sektor, 15 grader helling, sirka 1000 moh. • 4 Stratigraphy layers • 8 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • The overlying slab is soft. A big and identifiable crystal in the weak layer. • Easy to trigger • 2 - Medium • Some steep slopes E, SE, S, SW above 800 masl • Eg var i sørlig sektor i dag pga transport frå nord. Vil anta at skredproblemet er aktuelt i fleire sektorar pga dreiende vindretning. Kunne sikkert ha kryssa av for alle sektorane, i alle fall om ein tek med føregåande dagers vindtransport også. Lokalt så har det manglande evne til å propagere. Vil difor anslå str. 1 skred som mest rimeleg, men truleg i "noen" heng. Dog, eg vil kome med ei kvalifisert antaking om at det i høgda har vore kraftigere vind og at skredproblemet difor kan ha flaka seg meir, og ha større potensiale i seg - str. 2 skred og "noen" heng.
Avalanche Danger Assessment
• Ver varsom i leformasjonar kor det har samla seg fersk fokksnø. • Ser ut til at fokksnøen frå måndag-tysdag har stabilisert seg. Det kan nok framleis vere mogleg å påvirke, kanskje spesielt i høgda. Fersk fokksnø i dag, men flaket smuldrar opp. Kanskje meir potent i høgda der det har vore enda kraftigare transport. Det er ein del fuktigheit nede i snødekket, relativt høgt til fjells. Tidlegare lag av kantkorn var i stor grad påvirka og avrunda, men det er meldt kaldt vær neste 24-36 timar, og mtp tjukkelsen og fuktigheiten i snødekket, så kan vi få prosessar som igjen fører til kanting. I så tilfelle kan vi få ein små-skummel situasjon, for så vidt dei neste dagane, men også neste veke når temperaturen skal opp og det skal regne høgt til fjells og belastninga på dekket vil auke. Prøver å sjekke dette opp mot helga/neste veke forut for neste varmare periode. • 2 Moderate • Forecast correct • Kan tenkes at skredproblemet er meir potent der den store mengda nysnø/fokksnø har lagt seg på hardare underlag - men mildværsgrensa gjekk ganske høgt opp før disse fokk- og nysnølaga danna seg. Lokalt har det bunde seg godt pga fuktighet i underliggende lag. Eg tenker: Lett å løyse ut - Noen heng - middels store skred. Evt. vanskeleg å løyse ut, men uansett lander eg på Fg2.
Notes
• Berre ta kontakt på tlf. eller teams om noko er uklart. Tilgjengeleg.