Weather
• Sleet • 2 °C • 3 m/s from E ← • 100% clouds • Det har kome ein del snø dei siste 2-3 dagane, spesielt over 500 moh. Fuktigare snø under det utan nevneverdig underlag som det kan ligge på.
Snow Cover
• 20 cm • Elevation of new snow 200 masl. Snow line at 200 masl. Layered snow begins at 700 masl • Much loose snow (10-30cm) • Registrerer at det har kome ein del nysnø i dei ulike alpinanlegga i regionen. I høgda byrjar det å verte veldig bra med snø no.
Det er varierande på kva høgdekote ein kan ta på seg ski og finne samanhengande skiføre frå, men det byrjar å verte bra regionen sett under eitt. Snøgrensa har trukke seg lågare ned dei siste dagane. Eg vil anta at ei grense for lagdelt snø går på om lag 700 moh. Over dette varierer det korleis lagdelinga ser ut. Generelt har ein no eit bra lag av nysnø øvst, men det er ein del variasjon kor mykje som har falle, avhengig av kor du er i regionen.
Notes
• Prøver meg igjen på ein obstur i morgon, torsdag.