Faretegn
• Ingen faretegn observert • Det fins fersk vindtransportert snø, men eg vil ikkje kategorisere det som fareteikn slik denne framstår no der eg var.
Skredaktivitet
• 20. feb. I løpet av dagen (+01:00) • Tørre løssnøskred • Noen (2-5). 1 - Små. Naturlig utløst • Få bratte heng. Ø. Over 900 moh • Gått i siste laussnøen. Ingen aktivitet ellers.
Vær
• Ikke nedbør • -3,5 °C • 3 m/s fra Ø ← • 50% skyer
Snødekke
• 150 cm • Ikke snøfokk • 5 cm • Nysnøgrense på 400 moh • Vindpakket hard • Tørr • Generelt er heile snødekket herja av mildvær og regn med påfølgande nattefrost. Berande overflate med ski på, stort sett også til fots. Litt nysnø siste døgn: Eit lite dryss på 400 og gradvis aukande nysnø (6-7 cm) opp mot 1000moh. I skuggen er det begynnande rimdanning på overflata, men der sola fekk tak er dette smelta. Tørr snø, men litt kram overflate i bratte sørsider. Nysnøen er laus under skoggrensa, mens over er det ein del vindpåvirka. Der eg var er det vind frå NV og V som har vore snøtransportør. Vekslande hardheit (P-F), Oppover frå 900 er vestvendte ryggar avblåst ned på is (stegjernsføre). På denne høgda er det stort sett hardt (P) ellers.
Snøprofil
• Eg grov fleire ECT'ar for å få bekrefta resultatet frå Kollapsen i det gamle snødekket. Det veksla litt mellom kva som gjekk først, enten i fokksnøen eller i smelt. Smelt må vere det gamle kantkornet, sjølv om dei ikkje såg slik ut no. Det var ganske tydeleg full propagering, men litt motvillig - som eit tungt sukk. Lite energi altså og rotete bruddflate Q3. • 4 Lagdeling • 7 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Dårlig binding mellom lag i fokksnøen • Innen en halv meter • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. • Vanskelig å løse ut • 2 - Middels • Få bratte heng NØ, Ø, SØ, S over 700 moh • Eg har ikkje sett flakdanningar som har vore store nok til str 2, men dei fins nok der det er litt henteområde. Få bratte heng er nok derfor beskrivande. Når det gjeld utsatt høgde så begynnder det å bli tendensar rett over skogen, så eg tar utgangspunkt i ca 700. Der eg var såg eg berre teikn til snøtransport av NV og V vind. Eg fekk ECTN inni fokksnøen, og det virka som om nysnøen satt godt fast i det gamle snødekket (muligens regn med overgang til snø- right side up)
• Våte flakskred • Kantkornet snø under skarelag • Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Vanskelig å løse ut • 3 - Store • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 1000 moh • Litt usikker på kva som er "rett" svakt lag her. Det var smelteformer, men må ha vore det gamle kankornlaget. Fuktig, men veldig laust, 4F, på grensa til F. Når det svake laget er fuktig blir det då pr. def. eit vått flakskred? Eg grov ikkje meir enn på ein plass, men dersom dette fins her, så fins det nok andre plassar på tilsvarande høgde. Så djupt som dette ligg blir det nok str3. I og med at kantkorn veks uavhengig av himmelretning så har eg tatt alle eksposisjonar. Sjå ellers kommentarar i profilen.
Skredfarevurdering
• Fokksnø i Ø-vendte eksposisjonar er hovudproblem og kan løysast ut av ein skiløpar dersom ein søv i timen. Det ligg også (restar av) vedvararande svakt lag som kan løysast ut av ei gruppe (stor tilleggsbelastning), eller skiløpar der dette ligg høgare opp i snødekket. Str 1 laussnøskred er ellers også mulig. • SV liten kuling og snø over 8-1100 gir meir snøtransport i NØ. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Varselet stemmer bra. Bør det sovande gamle kantkornlage vere med som skredproblem og ikkje berre i farevurderinga? Ja, det kan ein altså spekulere på...