Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Kraftig snøtransport. ca 20 cm nysnø og 7 m/s vind.
ingen skred observert, men ein del dårlig sikt.
Skredaktivitet
• 11. feb. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Ingen skred observert, men det var lite sikt så vanskelg å få oversikt. Fekk eit overblik inn mot Saudehornet, ingen skred der i indikatorskred og lesider for NV.
Vær
• Snø • -3 °C • 7 m/s fra NV ↘ • 100% skyer • Bygever og ujamn vind (frå 0 - 7 m/s) . Tidvis sikt og gløtt av blå himmel.
Snødekke
• 150 cm • Kraftig snøfokk • 20 cm • Nysnøgrense på 0 moh. Snøgrense på 0 moh • Mye tørr løssnø (10-30cm) • Tørr • Det har snødd heilt ned til fjorden. ca 20 cm laussnø på 400 moh og oppvover. Laus nederst,og gradvis meir bunden frå 5-600. Frå skoggrensa er all laussnø blåst av rabbar og ryggar ( ned på gammal skare/is) og ut i lesider. Moderat til kraftig snøfokk i kasta. Det har komme 4-5 cm til i løpet av ettermiddag/kveld.
Tester
• ECTN11@12cm(Q2) • Dårlig
• ECTP21@76cm(Q2) • Dårlig
Snøprofil
• 2 tester knyttet til snøprofilen • Eg meinar at ECTP21 skjedde i toppen av snølag nr 6. I profilen kjem kollapsen nederst. Kan vi ha målt i profilen og ikkje dobbeltsjekka med sideveggen? Slik går det når det er mange kokkar... Uansett så konkluderte vi med at dette er kantkorn. • 7 Lagdeling
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Det overliggende laget er mykt. • Lett å løse ut • 3 - Store • Noen bratte heng NØ, Ø, SØ, S, SV over 600 moh
• Tørre flakskred • Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø • Innen en meter • Det overliggende laget er mykt. • Lett å løse ut • 3 - Store • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 700 moh • Om dette laget er lett å løyse ut eller ikkje er nok avhengig av kor djupt det ligg i det enkelte henget. Enkelte plassar vil nok dette laget ligge så høgt oppe i snødekket at eg vurderar det til at det vil kunne vere lett å løyse ut, i og med at overliggande lag er mjukt.
I og med at kantkorn veks "overalt", dersom forholda ligg til rette, så vil nok dette finnast i fleire eksposisjonar, sjølv om eg berre har observert dette i V-SV.
Vi fann det i dag på 700. Når vi grov i skoggrensa på 600 så fann vi ingenting. Mulig at dette er annleis lenger inn i regionen.
Skredfarevurdering
• 20 cm nysnø og 7-8 ms vind frå NV - og muligens kraftigare vind høgare opp, gir mykje snøtransport ut i SV-leheng + omkringliggande eksposisjonar. Til stades rett over skoggrensa, i alle fall frå 700. Dette er lett å løyse ut for ein skiløpar. Vedvarande svakt lag, med ein meir usikker utbredelse, gir ein kompleks skredsituasjon. Dette laget vil kunne lett løysast ut om det ligg høgare opp i snødekket (gjerne i toppen av heng, rett under kanten der snødekket er tynnare enn lenger ned i henget) • Vinden ser ut til å skifte til V og SV retning som vil gje leheng i alle Ø - NØ- sektorar. Det skal vere nok snø fortsatt tilgjengeleg for transport. • 3 Betydelig • Varslet faregrad er riktig • Varselet stemmer bra. Vi fann ikkje kantkorn på 600 i dag, men mulig dette er tilstades andre plassar.