Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredvarsel for region Sunnmøre mandag 09.04.2018

Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare

Publisert:
Det er eit komplekst snødekke, med nysnøflak i mange himmelretningar og fleire vedvarande svake lag. Ferdsel i skredterreng frårådast.

Skredfarevurdering

Det er eit komplekst snødekke i regionen med nysnøflak i fleire himmelretningar og vedvarande svake lag på fleire dybder. Det har vore gunstige temperaturar for stabilisering av nysnøflak, men dei kan framleis vere ustabile i høgda, og auka vind kan danne nye i leområder mot vest dei mest utsette stadane. Dei vedvarande svake laga vil ikkje stabilisere seg. Vedvarande svake lag gjer at det er lettare og løyse ut skred, både ved direkte påverknad eller fjernutløysing, og skred kan bli større enn om slike lag var fråværande. Ferdsel i skredterreng kan få alvorlege konsekvensar og frårådast.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Nysnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Søndag 8. april 2018

Dei siste dagane har det kome opptil 40 cm nysnø i regionen, og nokre stadar har denne blitt påverka av vind frå vekslande retning og mildvær. Høgda til mildværsgrensa har variert mykje i regionen, men nokre stadar har den vore opptil ca. 1000 moh. Under den ferskaste nysnøen, er det bærande skare i alle himmelretningar opp til tregrensa. Over tregrensa er det tynn skare i bratte solvendte heng ellers laus snø.

Det er vedvarande svake lag på fleire dybder i snødekket. I overgangen mellom nysnøen og det eldre snødekket er det kantkorn og stadvis rim. Lenger nede i snødekket er det eit kantkornlag som ga skred tidleg i påska. Det varierer mykje i regionen på kvar dette har gunstige nok eigenskapar til å gi skred.

Etter siste snøfall har det gått fleire flakskred. Blant anna gjekk det person- og fjernutløyste skred på Grøthornet og Strandafjellet fredag, og på Bondalseidet laurdag. I tillegg har det gått naturleg utløyste skred på laurdag og søndag.

I tillegg er det observert drønn fleire stadar i regionen, både i Strandadalen, Kvistaddalen og på Standalseidet.

Fjellvær

Søndag 8. april 2018

1-3 mm nedbør i døgnet. Bris fra sørøst. -6 °C til -1 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Nedbør først på dagen.

Mandag 9. april 2018

Ingen nedbør av betydning. Bris fra øst. -7 °C til -2 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Stedvis frisk bris. Lavere temperatur om kvelden.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS