Faretegn
• Ingen faretegn observert • Øverst i snødekke finn ein tjukke lag av små kantkorn opptil 1mm store. Dette er også skredproblemet om det føyker ned med fokksnø eller kjem meir nedbør som snø
Skredaktivitet
• 16. mar. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Såg nokre laussnøskred i sør- og vestvendt brattheng - men disse var ikkje frå i dag. Det var og nokre str1 flakskred i små leheng. Også disse var gamle og ikkje frå i dag (bruddkant var føyka igjen)
Vær
• Ikke nedbør • -10 °C • Litt vind på toppen, men ikkje nok til at det starta med vindtransport av snø.
Snødekke
• Ikke snøfokk • Litt tørr løssnø (1-10cm)
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø • Lett å løse ut • Mulig • 2 - Middels • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 600 moh • Det er eit samansett snødekke som er prega av kulde og store temperaturforskjellar på dag og natt. Dette har gitt tjukke lag med små kantkorn i snøoverflata over store delar av regionen - og spesielt under fokksnøflak. Men fokksnøflaka er berre å finne i avgrensa små lommer. Men det kan ikkje utelukkast at det i regionen er eit eller nokre få bratte heng der fokksnøflaket har ei utbreding stor nok til at det kan løysast ut som flakskred med liten tilleggslast
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • Mulig • 1 - Små • S, SV, V over 600 moh • Snødekket er kaldt, men sola har likevel sterk innstråling og det er mulig med naturlig utløste laussnøskred i bratt terreng med stor solinnstråling
Skredfarevurdering
• Det er eit samansett snødekke prega av store temperaturforskjellar mellom natt og dag. Dette har gitt tjukke lag av kantkorn i snøoverflata. Kantkorna er små opptil 1mm store, men er representert over store deler av regionen. Det er ikkje teikn til nysnø på denne turen eg gikk i dag. Det er 5-20 cm løst ubundet kantkornet snø disponibelt til vindtransport. Mest disponibelt i lavare terreng under 1000moh. Dersom desse kantkornlaga vert føyka ned med fokksnøflak, eller begravd av nysnø så kan skredfaren raskt stige. Med stor utbredelse og større skred. • Vind kan raskt flytte på løs ubundet kantkornet snø. Det vil raskt kunne øke faregraden og omfanget av skredproblemet. Dersom det kjem nedbør som snø eller snø i kombinasjon med vind vil det raskt kunne auke skredfaregraden til 2 eller 3. Utbredelse og størrelse på skred kan og auke svært fort ved eit verskifte. • 1 Liten • Varslet faregrad er for høy • Skredproblemet er kantkorn som kan bli nedføyka av fokksnø. Utbredelsen til dette skredproblemet per i dag gjer nok at faregraden i regionen bør settast ned til 1. Men utfordringa er at der skredproblemet er til stades vil det svært lett kunne løysast ut flakskred med liten tilleggslast. Eg har ikkje observert nysnø som skredproblem der eg har ferdast i regionen og ser ikkje på dette som eit skredproblem per i dag.