Faretegn
• Ingen faretegn observert • Det finst vindtransportert snø, men omfanget ser ut til å ikkje vere stort
Skredaktivitet
• 1. jan. I løpet av dagen • Tørre løssnøskred • Noen (2-5). Naturlig utløst • Få bratte heng. S. Over 900 moh • Tidspunktet er rein gjetting ettersom eg ikkje har vore i regionen etter mildveret.
Vær
• Ikke nedbør • -2,5 °C • 0 m/s fra NØ ↙ • 70% skyer
Snødekke
• 150 cm • Ikke snøfokk • 0 cm • Snøgrense på 0 moh • Vindpakket myk • Tørr • Eg har ikkje vore i regionen etter solsnu før i dag, så alle vurderingar må sjåast i lys av dette. Det tek nokre dagagr før eg er 100% oppdatert. Obsturen i dag vart tatt "rett bak huset" og er vanlegvis mest representativ for fjella langs fjordane rundt Ørsta/ Volda.Her er det oftast mildare og mindre snø. Generelt er det mykje snø for årstida. Det ligg eit 10 cm laussnølag som er tørt frå ca 2-300. Dette ligg upåvirka opp til skoggrensa på ca 4-500 og er gradvis meir vindpåvirka oppover. Frå ca 700, der vinden har tatt, er snøen fastare i NØ sider enn i SV. Vindteikn tydar på vind med snøtrnsport først frå vestmaktene med påfølgande vind frå aust. Den siste transporterte snøen (austvendte sider) er det teikn til oppsprekking, men i SV er dette fråverande. Profil vart derfor greven i den siste snøen som er flytta på. I renner og søkk ( i alle fall i V-SV-SØ) ligg det fortsatt snø som kan flyttast på, og som gir godt skiføre.
Skredproblem
• Tørre flakskred • Dårlig binding mellom lag i fokksnøen • Innen en halv meter • Vanskelig å løse ut • Mulig • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 700 moh • Etter det vesle eg har sett i dag så ser det ut til å ligge fokksnø i alle eksposisjonar. Det er nok eit hakk mer utsatt i sider som har fått vindtransport fra aust. Snøen her er mjukare og gir tendens til oppsrekking rundt ski på utsette stadar
Skredfarevurdering
• Ut i frå dagens stikkprøve (med manglande førstehandskjennskap til snøen siste veka) så ser det ut til at det er fokksnø som er hovudproblemet,og denne ser ut til å ligge i alle himmelretningar. Men det er ingen fareteikn og fokksnøen virkar stabil nok til at stor tilleggsbelastning nok må til. Ingen ferske skred observert. • Veret for morgondagen ser ut omtrent som i dag, med lite vind og minusgrader. Ingen særleg endring i snødekket og skredfaren. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig • Varselet stemmer bra med mine vurderingar.