Faretegn
• Mye vann i snøen • Område: I dalen/fjorden. Beskrivelse: Det var vatn i snøen, og stadvis i sjikt (nær toppen), men langt mindre enn kva ein skulle vente etter værmeldingane. I hovudsak virka snødekket godt drenert.
Skredaktivitet
• 23. des. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Eg har ikkje observert noko skredaktivitet, men eg har ikkje hatt sikt til skredterreng.
Vær
• Snø • 2 °C • 5 m/s fra V → • 100% skyer • Det siste døgnet har vore prega av nedbør. På turen i dag var det regn med bilen (300m, der også temperatur er oppgitt frå), som raskt gjekk over til sludd. Frå 400 moh var nedbøren i form av snø. Nysnøgrensa sank litt iløp av turen. Lite vind, 5m/s på toppen.
Snødekke
• 100 cm • Ikke snøfokk • 4 cm • Nysnøgrense på 400 moh. Snøgrense på 200 moh • Våt løssnø • Fuktig • Snøen er ujamnt fordelt i terrenget. Det er avblåst på ryggar og andre oppstikkande områder i terrenget. Det er også mest snø i høgda, snødybda er ca. 40 cm på 300 moh og 120cm på 800 moh. Snødekket består av grovkorna smelteomdanna snø heilt til topps, foruten om nysnøen som er finkorna og fuktig. Det framstår som godt drenert, er fast og homogent. Stadvis har også korna frose saman. I høgda var det eit lag ca. 20 cm under overflata som har meir vatn i seg enn resten. Det er opp på eit fastare lag (mogleg tidlegare skarelag). Ellers er det fleire opne elver.
Skredproblem
• Våte flakskred • Opphopning av vann i/over lag i snødekket • Naturlig utløst • Mulig • 2 - Middels • N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV under 0 moh • Det er mogleg det kan gå våte flak- og laussnøskred, men såg kun opphoping av vatn nær toppen, generelt virka snødekket stabilt.
Skredfarevurdering
• Snødekket er grovkorna, smelteomvandla og virker generelt godt drenert. Det framstår dermed som relativt stabilt, men det er tendens til opphoping av vatn i sjikt, så utelukker ikkje at det kan gå våte flak- og laussnøskred. Har ikkje hatt sikt til å observere skredaktivitet og utelukker ikkje at forholda er annleis i andre delar av regionen. • 2 Moderat • Varslet faregrad er for høy • Ut i frå observasjonene på turen i dag virker faregrada for høg, men eg utelukker ikkje at det kan stemme for andre stadar i regionen.