Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredvarsel for region Romsdal onsdag 04.04.2018

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Vedvarande svake lag i snødekket gjer det krevjande å gjere lokale skredfarevurderingar. Fersk snø kan ha festa seg dårleg til underlaget.

Skredfarevurdering

Eit lite snøfall først på dagen blir etterfølgd av ei lita temperaturstiging. Det blir rolege vindforhold når nysnøen kjem, så det er lite sannsynleg at det dannar seg særleg store nysnøflak. Men ei viss oppbløyting av nysnøen vil sannsynlegvis gje ein del våte lausnøskred utpå ettermiddagen.

Mildvêret kan også gje ei forbigåande svekking av dei svake kantkornlaga dersom smeltinga rekk høgt nok opp i fjellet og når djupt nok ned i snøen. Sidan det var mildvêr i dei same høgdenivåa også for vel ei veke sidan, er det ikkje venta stor naturleg utløyst skredaktivitet. Men skiløparar kan påverke svake lag der overliggande snødekke er tynt eller mjukt. Tilpassa vegval og avstand til utløpssoner og skavlar er framleis tilrådeleg.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Nysnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Dårlig binding mellom glatt skare og overliggende snø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Tirsdag 3. april 2018

Eit lite snøfall på inntil 10 cm laus nysnø som kom måndag pregar overflata fleire stader i Romsdal. Under den ferskaste nysnøen, finn ein berande skare i alle himmelretningar opp til tregrensa og gjennombrotskare vidare opp til om lag 900 moh. Elles er det varierande grad av vindpåverka snø i høgfjellet. Noko laus snø i skjerma formasjonar. I heile regionen er det generelt mykje snø for årstida.

1. påskedag vart det i Møre og Romsdal gjort fleire observasjonar av overflaterim, særleg i nord- og austvendte heng som ligg i skuggen for sola, og i hovudsak på mjukt underlag. I få tilfelle der rim la seg på hardt underlag, kan dette utgjere eit potensielt svakt lag framover. Lenger nede i snødekket finst det svake lag av kantkorn som førre veke førte til drønn under vekta av skiløpar og glatte brot i stabilitetstestar.

Måndag gjekk det enkelte laussnøskred som følgje av eit fersk snøfall og påverknad frå solinnstråling.

Tysdag morgon var det rolege vindforhold i regionen.

Fjellvær

Tirsdag 3. april 2018

Ingen nedbør av betydning. Bris fra sørøst. -14 °C til -6 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Tilskying utover dagen. Nedbør i sør.

Onsdag 4. april 2018

4-8 mm nedbør i døgnet. Bris fra sørøst. -9 °C til 0 °C på 1400 moh. Delvis skyet. Nedbør først på dagen, senere temperaturstigning.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS