Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Snøskredvarsel for region Lyngen tirsdag 19.03.2019

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Det er krevande å ferdast trygt i skredterreng. Vedvarande svake lag kan påverkast, særleg rundt tregrensa men også andre stadar. Nysnøflak kan vere ustabile.

Skredfarevurdering

Frå og med laurdag har det danna seg nysnø- og fokksnøflak i mange himmelretningar. Dei har stabilisert seg noko, men det vil framleis vere mogleg å løyse ut skred i den vindpåverka snøen nokre stadar. I snødekket finnast det også vedvarande svake lag av kantkorn. Mange stadar er det vanskeleg å påverke desse sidan det ligg hard fokksnø over, men enkelte stadar, særleg rundt og under tregrensa, trengst det berre liten tilleggslast for å løyse ut skred. Eventuelle skred kan bli middels store til store, og det er mogleg å fjernutløyse skred. Naturleg utløyste skred kan forekomme. Ta difor konservative vegval, særleg rundt og under tregrensa, men også i høgda der snødekket er tynt eller mjukt.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Kantkornet snø over skarelag

Fokksnø (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Mandag 18. mars 2019

I regionen kom det noko snø fredag og laurdag, og både under snøfallet og i ettertid har det vore vind med varierande styrke frå ulike retningar. Under tregrensa og i skjerma terrengformasjonar er det mykje ubunden snø, men over tregrensa er snøen vindpåverka i varierande grad. På dei mest vindutsette terrengformasjonane er det avblåst.

Mellom eldre fokksnøflak og ei skare danna etter mildvêr 23. februar, er det observert vedvarande svake lag av kantkorn. Desse har stor utbreiing og finnast i dei fleste himmelretningar, men brotforplantningsevna varierer.

Den siste tida har det gått fleire skred på kantkornlag, særleg rundt tregrensa. Blant anna har skikøyrar løyst ut skred ved Istinden med Lyngspollen lørdag, og søndag løyste skikøyrarar ut fleire skred frå Stortind i Lavangsdalen. I tillegg er drønn observert fleire stadar, særleg vest i regionen.

Fjellvær

Mandag 18. mars 2019

Oppholdsvær. Frisk bris fra øst. -16 °C til -7 °C på 1100 moh. Klarvær. Mest vind utsatte steder først på dagen.

Tirsdag 19. mars 2019

Oppholdsvær. Bris fra sørøst, endring til frisk bris fra sør om kvelden. -12 °C til -5 °C på 1100 moh. Klarvær.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS