Snøskredfare i haustsnø

Snødekket etter fyrste snøfall om hausten vil ha ferre lagdelingar enn snødekket har midt på vinteren og vil då vere lettare å vurdere. Likevel er det ein del ulykker tidleg på sesongen. Her har du våre tips til tryggare ferdsel tidleg i sesongen.

Snøskredfare i haustsnø. Foto: Roger Vigdal

Snøskredvarslinga på varsom.no startar 1. desember. Fram til då lyt du gjere gode vurderingar sjølv for å gå trygt i fjellet på den fyrste snøen.  På denne sida har me samla nokre råd som kan gjere turen litt tryggare. Men hugs at forholda kan endre seg frå haustforhold til full vinter i løpet av kort tid.

Fire råd forå unngå snøskred tidleg i sesongen

•    Følg med på forholda: har snødekket endra seg frå eit enkelt snødekke utan eller med få lagdelingar til vintersnø? Då lyt du gjere same vurderingar som du gjer midtvinters.
•    Ta det roligt: Du har ein lang sesong framfor deg. Bruk dei fyrste turane til å trene med skredutstyret ditt og finn igjen skiteknikken.
•    Skaff deg fersk kunnskap: Det er lenge sidan du har gjort skredvurderingar no. Kanskje du kan repetere litt med å lese på snøskredskulen?
•    Ikkje storm ut i stormen: Du er kanskje ivrig etter å kome deg ut i snøen? Hugs at snøen treng tid for å stabilisere seg no også sjølv om det ikkje har blitt vinter enno.

Tenk terreng

Viss du er ute på ski vil du nok søke til dei delane av terrenget som har mest snø. Tenk nøye over kvifor det ligg mykje snø her. Mest truleg er dette fordi at du har funnet et som samlar mykje snø. Det vil sei at det er store mogelgheiter for at det ligg fersk fokksnø her, og at det kan vere blåst inn store mengder fokksnø.

Terrengfelle?

Renner, bekkedalar og forsenkningar i terrenget vil vere terrengformasjonar som tidleg vert fyllt opp med snø og gjev mogelegheiter for å gå på ski eller køyre skuter. Viss du ferdast  i slike terrengformasjonar lyt du heile tida tenkje på at du er i ei terrengfelle, og sjølv små skred frå sidene vil vere nok til å begrave deg. 

Når snøen legg seg lyt du tenkje på skredfaren sjølv om du ferdast til fots. Foto: Jostein Aasen

Fjorårssnø

Snøen som ligg igjen frå i fjor har ofte ei hard og glatt overflate på hausten. Når det kjem nysnø oppå denne kan de ta lang tid før me får gode bindingar mellom nysnøen og fjorårssnøen. Så lenge nysnøen er ubunden (laus), og det ikkje er for store mengder av den bør du vere trygg, men når den byrjar å danne flak må du vurdere bindingane til underliggande snø. Snø som ligg igjen frå sist vinter når hausten har komen, og som ikkje har fått nysnø oppå vert rekna som stabil i seg sjølv.

Lite snø

Tidleg på sesongen vil snødekket vere tynt. Eit tynt snødekke gjev gode forhold for danning av kantkorn viss snøfallet vert etterfulgt av kaldt opphaldsvêr. Peridar med slikt vêr kan også gje rimdanning på toppen av snødekket. Både rim og kantkorn vil vere dårleg underlag for seinare snøfall. Rim som ligg på rett bakken og snør ned vil også vere eit dårleg fundament for overliggande snø. Rim og kantkorn kallar me for vedvarande svake lag. Hugs at den ferske snøen også kan skli ut som skred rett på bakken viss underlaget er glatt, td grasbakkar eller svaberg.

Eit rimlag på bakken før fyrste snøfall kan vere ein dårleg start på snødekkeoppbygginga. Foto: Jostein Aasen

Finn informasjon

På regobs.no (web og app) kan du sjå om andre har lagt inn snø og skredobservasjonar i det området du skal på tur. For å gjere turen tryggare for andre er det også fint om du legg inn dine observasjonar av td. fareteikn eller mangel på desse. Viss du også legge ved eit bilete som viser snøforholda så er dette god informasjon som vil komme andre til nytte.

Fyrste ski eller skutertur

Det kan vere lenge sidan du har brukt skredutstyret ditt. Hugs å sjekk at Sendar/mottakar virkar og har batteri før du reiser heimanfrå. Bruk også litt tid tidleg i sesong på å friske opp ferdigheitar og kunnskap. Øv med sendar /mottakar og les på skredskulen. 

Stor snøskredfare?

Snøskredvarsel ved faregrad 4 og 5.

Snøskredvarslinga føl med på vermeldingane frå om lag 20. oktober og vil publisere varsel på varsom.no viss det er forventa faregrad 4 (stor) eller 5 (meget stor). Fram til ordinær varsling byrjar har me lite observasjonar frå felt og skredvarselet vil vere basert på vêrmeldingar. Dette gjer at desse varsla vert meir usikre enn når dagleg varsling startar 1. desember. Hugs at du også kan abonnere på snøskredvarsel og andre naturfarevarsel på https://abonner.varsom.no/ 

I regobs app kan du sjå andre sine observasjonar og dele dine eigne.