Stabilitetstest

Det finst mange forskjellege testar du kan gjere for å sjekke snøstabilitet. Mange av dei er enkle å gjennomføre, men det kan vere vanskeleg å vurdere resultatet ein får.

I regObs har du mogelegheit til å legge inn utvida kompresjonstest (ECT) og kompresjonstest (CT). Viss di vil legge inn andre type testar så kan du beskrive dei i kommentarfeltet. Det viktigaste med ein slik test er ikkje kor mange slag som skal til før du får eit brot i blokka, men di tolking av brotet. Forplanta brotet seg bort over heile blokka i ECT-test? Det kan vere ein indikasjon på at liknande kan skje i eit skred også. Kva slags snø var det i det svake laget som gjekk til brot? Og låg laget under solid skare? Då må du vurdere om det er mogeleg å påverke dette laget i andre situasjonar. Kanskje grunnen til at du klarte å påverke laget var at du hadde saga gjennom overliggande skarelag?

Her kan du sjå ein film som tek for seg fleire forskjellege stabilitetstestar.

Common snowpack tests from Bruce Jamieson on Vimeo.

m">Vimeo.

Fyrst grev du ein snøprofil. Målet ditt er å lage ei snøblokk som er 90 cm brei og 30 cm djup. Den må vere så høg at du kjem nedanfor dei svake laga du vil undersøke, men den bør ikkje vere høgare enn ein drøy meter. Det er enklast å sjå korleis ein gjer dette på filmane vis viser på denne sida.

Sag inn på kvar side og fjern snøen frå sidene. Deretter sagar du bak. Dette kan du gjere med ei lang snøsag eller ein wire som er laga til dette bruket. 

Deretter legg du spaden på øverst, på eine enden av blokka slik at heile spadebladet er på blokka.

Slå fyrst med 10 forsiktige slag frå handledd, deretter 10 frå alboge og til slutt med 10 frå skulder. 

Resultatet noterar du slik

ECTPV - brot forplantar seg over heile søyla ved frigjering

ECTP## - brot forplantar seg over heile søyla etter ## slag. Maks antal slag er 30

ECTN## - brot utan forplanting etter## slag

ECTX - Ingen brot under testen (etter 30 slag)

Døme: ECTP12@85cmQ1 - betyr at søyla gjekk til glatt og reint brot (Q1) med forplanting (P) etter 12 slag 85 cm frå overflata.

Forklaring på dei vanligaste valga under stabiltetstest i regObs finn du i felthandboka på side 14-16. 

Du har kanskje høyrt om at observatørane i snøskredvarslinga brukar noko som heiter "lille blokktest" når dei gjer observasjonar? Det er ingen stabilitetstest men ein ein metode for å gjennkjenne svake lag. Du kan lese meir om dette i faktaark om Systematisk snødekkeundersøking