Grev du ein snøprofil vil du kunne gjenkjenne svake lag, og sjå om aktuellt skredproblem er tilstades.

Når du grev snøprofil må du prøve å finne eit område som er representativt for det du vil undersøke. Tenk på terrengform, høgd over havet, og himmelretning. Pass på at snødekket ikkje er alt for tjukt. Profilen bør ikkje bli utsatt for direkte solinnstråling sidan dette fort vil omdanne snøkorna. Passa også på at du arbeidar på ein trygg stad. På regObs.no (web) kan du lage snøprofil. 

For å registrere lag må du fyrst velge snøprofil og "legg til lagdeling"

Deretter byrjar du å legge inn info om laget. 

  • Tykkelse - legg inn kor tjukt det aktulle laget er.
  • Hardheit. Me brukar håndtest. F = knyttneve, 4F = 4 fingre, 1F = 1 finger, P = blyant, K = kniv og I = is. For å finne rett belastning kan du gjere ein test med å trykke på nesetippen. presset skal vere så hardt som det går utan at det gjer vondt. Viss du vil legge inn mellomformene av hardheit trykker du "Vis fleire valg på dette laget" då får du fleire menyval i den same menyen som du jobba i.
  • Kornform: kanskje det viktigaste og vanskeligaste feltet. På denne nettstaden kan du sjå på bilete av dei forskjellege snøkorna
  • Størrelse: legg inn storleik på snøkorna i millimeter. Me reknar alle korn som er over 1,25 mm som store når me omtalar eigenskapar på svake lag.
  • Fuktigheit: Angi om laget er tørt eller kor fuktig det er.

Viss du trykker "vis flere valg på dette laget" vil du få fleire alternativ i menyane. Du vil også få mogelegheit til å legge til:

  • Nedre hardheit - Viss laget har gradvis overgong frå ein hardheit til ein annan
  • Sekundær kornform - Viss det er blanding av to typar snøkorn i laget
  • Maks kornstorleik - Er det nokon spesiellt store krystallar i laget
  • Kritisk lag - Er dette det laget du meiner gjev mest grunn til bekymring? Og i såfall kva del av laget er mest kritisk.

Deretter legg du til eit nytt lag over eller under det du jobba med og gjentar prosessen. Viss du har gløymt eit lag kan du legge det til øverst eller nederst og deretter dra det til rett stad. 

Har du gravd til bakken?

Hugs å merke av for gravd til bakken: ja / nei etter du har lagra profilet. Då kan dei som les snøprofilet sjå om du kun har vurdert det øverste snødekket eller alt.

Temperaturprofil legg du til under "legg til temperatur". 0 cm er i snøoverflata. Deretter legg du til målepunkta dine nedover. I feltet "dybde" legg du til avstand frå overflata.

Snøprofil frå RegObs.
Dei forskjellege laga i snøprofilen får forskjellege fargar.

Korleis lese snøprofil?

Dess breiare rektangelet som illustrerar laget er dess hardare er laget. Kva korn som er i laget vert forklart enten ved fargar eller bruk av symbol for snøkorn. Sjå tabell over for forklaring. Liste over alle symbol for korntypar finn du i felthandboka. Dess høgare rektanglet er, dess tjukkare er laget. I den fullstendige profilen vert det også markert ugunstige eigenskapar på laga med punkt.

  • F: Kornform (er det vedvarande svake lag ?)
  • E: Kornstorleik (>= 1mm)
  • R: Hardheit på lag 
  • ΔE: Stor forskjell i kornstorleik (>= 1mm)
  • ΔR: Stor forskjell i fastheit ("to trinn" eller meir)
  • Depth: Er øvre del av laget mindre enn ein meter under snøoverflata?

Tolking av resultat (antal punkt i svakt lag / overgang mellom lag.)

  • 5-6 punkt: svært sannsynleg svakt lag
  • 3-4 punkt: mogeleg svakt lag
  • 0-2 punkt: Ikkje utprega svakt lag, gunstig overgang mellom lag.

Utstyr du treng for å grave snøprofil:

  • Søkestang - sjekk at du finn ein stad med passe tjukt snødekke
  • Spade - sjølvsagt
  • Rasterplate - ei plate med rutenett for å hente ut og bruke som underlag når du studerar snøkorn
  • Lupe 
Tabell over samanheng mellom farge på snø, hardheit og kornform.

Viss du ser forskjell på om snøen er kvit eller blank, og om du kjenner om den er laus eller fast har du eit godt utgangspunkt for å bestemme kva kornform du har. Sjå større tabell her.

Skjema for å legge inn lagdeling i regObs

Viss du gjer stabilitetstestar og vil at desse skal vise i snøprofil kan du huke av for det i stabilitetstesten. Pass på at djubden du angjev i testen er lik plasseringa til laget som gjekk til brot i snøprofil. 

Viser stabilitetstesten på feil stad i profilet?

Då må du gå tilbake til stabilitetstestskjema og justere kvar du fekk brot. Deretter må du inn på snøprofil, trykke "endre lagdeling" og lagre profilet på nytt. Dette gjer at det vert generert eit nytt plot.