Pågåande snøfokk er ein vanleg årsak til snøskred. Følg med på om vinden flyttar snø

Snødekke.

Dei aller viktigaste felta her er nysnø siste 24 timar og snøfokk. Du kan gjerne fylle ut eit eller fleire felt og la resten stå opent.

  • Nysnø siste 24 t: Den beste staden å måle nyssnømengde er i tregrensa. Her er me ofte høgt nok til at nedbøren kjem som snø istadenfor regn. og snøen for ofte ligge i ro for vind slik at me ikkje får avblåste områder og nokre områder med meir snø. Viss du ikkje klarar å sei noko om nysnø siste 24 timar kan du skrive i kommentrarfeltet kva det er du har målt. Til dømes: " Det var kome 30 cm snø i skispora som eg laga for to dagar sidan".
  • Snøfokk:  Lett snøfokk betyr at snøen "kryper" langs bakken, ved sterk snøfokk vert det flytta mykje snø og sikta vert redusert.
  • Snødekkehardhet: Det viktigaste her er om det finst laussnø i overflata som kan flyttast av vind neste gong det byrjar å blåse.
  • Overflatefuktighet: Er det tørr eller våt snø i overflata?

Resten av felta kan vere litt vanskelegare å meine noko om. Viss du ikkje veit kva du skal taste inn så let du det stå opent. 

  • Total snødybde: gi et anslag over kva snødybden er i terrenget. Mål med søkestonga di. Gjer tre målingar med nokre meters mellomrom og registrer gjennomsnittet av desse målingane.
  • Nysnøgrense: Kor langt ned snødde det? (moh?). Dette kan hjelpe oss til å sette nedre grense for skredproblem i snøskredvarsla.
  • Snøgrense: Kor langt ned mot havet ligg det sammenhengande snø? Me reknar snøgrensa som den høgda der du kan byrje å gå på ski sjølv om det kan ligge enkelte snøflekkar lengre nede.
  • Grense lagdelt snø: Ofte vil høge temperaturar og smelting gjr oss et homogent snødekke utan lagdelingar i låglandet, men i fjellet kan me finne lagdelt snø.

 

Snøfokk, snøoverflate, skred. Foto Arnt Flatmo

Eit bilete av snødekke i område kan vere til god hjelp for å forstå korleis forholda er der du er. Prøv å få med korleis snøfordeling i terrenget er: om det er avblåst på ryggar, om det ligg store mengder snø i leområder. Prøv gjerne å få med dine eigne skispor i framgrunnen, då er det lettare å sjå kor mykje laussnø som finst.

Ved å trykke på "hjelp" i app eller på ? i regobs web får du fram korte hjelpetekstar som kan vere til nytte når du skal registrere observasjonar.

Viss du har spørsmål om korleis du skal bruke regobs eller korleis du skal tolke det det ser i snøen kan du spørje på Facebook: RegObs faggruppe

Snøfokk i skogen kan forekomme ved sterk vind. Det ser meir dramatisk ut enn det er når snøen vert blåst av tre, når snøen treff bakken vert den stort sett liggande i ro. Foto: Jostein Aasen