Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Skredfarevurdering

Skredfarevurderinga er ei oppsummering av alle faktorar som påverkar skredfaren. Dette er konklusjonen utfrå alle observasjonane du har gjort.

Innhaldet i dei forskjellege felta er:

  • Vurdering av skredfaren - her skriv du eit samandrag av dei faktorane som i størst grad påverkar skredfaren. Vurderinga bør vere begrunna ut frå observasjonar du har gjort, og som du også har lagt inn i regObs
  • Utvikling - Prøv å beskriv korleis snødekket vil reagere på forventa vêr. Du skal ikkje finlese vêrmeldingar og lage varsel. Men heller skrive noko slikt som td. : "Snødekket er stabilt og vil tåle store nedbørsmengder før skredfaren aukar"
  • Faregrad - Velg faregrad. Faregraden bør ha samanheng med skredproblema du har valgt. Me brukar ADAM-matrise for å få samsvar mellom skredproblem og faregrad.
  • Vurdering av varsla faregrad - Her kan du kome med tilbakemelding på om snøskredvarselet stemte for det området du har vore i.
  • Kommentar - her kan du skrive om dine lokale vurderingar opp mot det du meinar er generell skredfare i regionen. Evt. om kva del / kor stort område av regionen dine vurderingar er gjeldande for.

Skredproblem

Det aller viktigaste i ein fullstendig observasjon er å velge og begrunne skredproblema. Det er skredproblema som bestemmer korleis eller om brukarar kan handtere skredfaren.