Snøskred - ulykke - Jotunheimen, 6.april 2018

Publisert:

Ein einsleg skiløpar vart tatt av skred i hellinga ned mot Tverrbytne, søraust for Geite i Leirdalen i Lom. Skiløparen vart heilt dekka, men klarte sjølv å frigjere seg frå skredmassane.

 

Skredet etter at den skredtatte hadde kome seg ut. Skispora går inn i skredet øvst til venstre. (Bilete: privat)

Ein einsleg skiløpar vart tatt av skred i hellinga ned mot Tverrbytne, søraust for Geite i Leirdalen i Lom. Skiløparen vart heilt dekka av skredmassane, men klarte sjølv å frigjere seg. I denne hendinga enda det godt. Den skredtatte kom frå dette med moderate smerter i bryst pga vatn i lungene og strekkskader i korsbånd og sidebånd. Den skredtatte har rapportert om at det kunne gått annleis om skredmassane hadde vore meir kompakte, og om ikkje hovudet hadde lege riktig veg (opp). Dersom hovudet hadde lege vendt ned og/eller skredmassane vore kompakte kunne utfallet blitt eit anna åleine på tur. Husk at du har mykje større sjans til overleving viss de er fleire saman og brukar sendar/mottakar og utstyr for kameratredning.

 

Les heile rapporten her.