Siste snøskredvarsel denne sesongen

Publisert:

31. mai er siste dag for sesongen med snøskredvarsel på varsom.no. Les på snøskredskulen om korleis du sjølv kan vurdere skredfare i sommar.

 

Det er framleis mykje snø og godt skiføre i store delar av Nord-Noreg. Foto: Hallvard Nordbrøden / regobs.

 

For at du skal kunne gjere gode vurderingar i fjellet når du ikkje har snøskredvarselet til å hjelpe deg har me laga ei oversikt over de mest vanlege snødekka og skredproblema du finn i sommarsnø. Dette kan du lese om her på snøskredskulen.

Ved sesongslutt ser skredforholda i landet slik ut:

På Svalbard er det framleis vinter. Her er det svake lag igjen i snødekket, og ein lyt følgje godt med viss det plutseleg kjem ein kraftig temperaturstigning og/eller kraftig regnvêr. Men akkurat no er det skredproblem med fersk fokksnø som er mest aktuellt.

Store delar av Nord-Noreg har også fått påfyll av nysnø dei siste dagane. Her skal ein vere merksam på skredproblem i forbindelse med fersk fokksnø. Gamalt, underliggande snødekke er stort sett stabilt. Men det er mykje snø i fjella i Nord-Noreg og også her kan ein forventa auka skredaktivitet med våte flak- og laussnø-skred viss me får raske temperaturstigningar og/eller kraftig regnvër.

Snødekket i Sør-Noreg er prega av ein lengre mildversperiode med plussgrader til fjelltopphøgde. Ein lyt no mange stader godt over skoggrensa for å finne skiføre. Snøen er smelteomdanna og små skred løyst ut av skikøyrarar vil generelt vere mogleg berre i bratte heng der snødekket er vassmetta. Det er framleis fare for skavlelbrot og glideskred som kan løysast ut naturleg.

Takk for no. Varslinga startar opp igjen 1. desember