Hopp til hovedinnhold

Varsom-appen kan lastes ned i App Store eller Google Play

Les mer om hvordan du kan lese og registrere observasjoner på Regobs | Varsom.no.

Viktig informasjon til turister | Varsom.no

Spørsmål og svar om flaum

Publisert: 23.04.2018

Vårflaum er ei godt kjent hending for mange rundt om i Noreg, og i år er det mange stadar større fare enn normalt for stor vårflaum. Det er mykje ein bør vite om ein bur i eit flaumutsett område, og me har derfor sett saman ei liste med svar på vanlige spørsmål om flaum.

Det kan vare lurt å løfte verdisaker opp frå kjellargolvet om du bur ein plass som er utsett for flaum. Her frå flaum på Tvedestrand i 2017. Foto: NVE

Bur eg i eit flaumutsett område?


I første omgang er det du som bor i lågareliggande strøk som er ustatt for flaum. På Sør- og Austlandet er dette område som er under skogsgrensa, og i tillegg områda som befinn seg nært kysten på Austlandet. Også dei områda lengre inn på Austlandet som ikkje ligg så langt over havoverflata står i fare for flaum. Her er det meir snø enn vanleg for denne tida på året.

Sjå korleis snøen ligg i ditt område. http://www.senorge.no

I tillegg skal du vare varsam om du bor i nærleiken av ei elv, bekk eller innsjø. Dette gjeld over heile landet.

 

Kvifor er det flaumfare her?


På Sør- og Austlandet er det i hovudsak regnflaum som er faren. Mykje regn på kort tid, eller over fleire dagar kan utløyse ein flaum. Dersom det også er mykje snø som smeltar samtidig vil det kunne bli store flaumar. Stor flaum frå berre snøsmelting krev jamt høge temperaturar både dag og natt. Faren for dette er større i Nord-Noreg enn i Sør-Noreg.

 

Kva bør eg følje med på?


Det er viktig å bli kjend med, og jamleg følgje med på flaumvarslinga. Den kan du finne på varsom.no. Du bør også gjere deg kjend om det er laga flaumsonekart for din kommune, og bli kjend med det. Dette finn du på nve.no.

Sjå her om akkurat ditt hus ligg i eit utsatt område.

Du finn gratis flaumvarsling her. https://abonner.varsom.no

 

Korleis kan eg sikre min eigedom mot flaum?


Kartlegg kvar vatnet kan gå. Vatnet vil alltid søke nedover mot dei lågare punkta, om nødvendig må du sørge for at det har andre vegar å gå.

Du kan hjelpe vatnet å strøyme forbi ved å sørge for opne vassvegar. Det er mykje snø og is som kan hindre drenering, og det er viktig at du sørger for at vatnet kan flyte uhindra. Det er ein god ide å ta med seg ishakke eller liknande slik at du kan hakke vekk is frå sluk og grøfter. Kvistar, sand og liknande kan også hindre fri vasstraum.

 

Korleis kan eg redusere skade ved ein flaum?


Om din heim er i fare for flaum må du tenke på å sikre verdisaker og lause gjenstandar som kan flyte vekk. Bønder må vurdere å fjerne rundballar. Du bør også vurdere om du treng å tette dører og vindauger. Er du vekk sjølv bør du ta ein prat med naboane om kva som kan gjerast.

Hald deg sjølv trygg, ikkje oppsøk fare. Om du treng akutt hjelp, kontakt kommunen din.

 

Kvar finn eg meir informasjon om flaumfare og sikring?


Varsom.no oppdaterast dagleg med informasjon om flaumfaren. Her kan du også abonnere på flaumvarsling på e-post, eller SMS. Dette er heilt gratis for alle.

NVE analyserar kontinuerlig faren for flaum. Ca. annakvar veke kan du finne rapportar om flaumfaren i ditt område. Her er det lurt å halde seg oppdater på kvar flaumen kan kome.

Du bør også prate med din kommune for å høyre kva informasjon og hjelp dei kan gje deg både før, under og etter ein flaum.