Jordskredvarslinga og NVE i internasjonalt tidsskrift

Publisert:

I mai blei det publisert to artiklar med forfattarar frå NVE i tidsskriftet Natural Hazards and Earth System Sciences (NHESS). Dette er vi sjølvsagt stolte av. Vil du vite meir? Les vidare!

Varslingsrommet til flom- og jordskredvarslinga, hos NVE i Oslo. Foto: Stig Storheil, NVE.

 

Artiklane er ein del av ei spesialutgåve av NHESS, kalla «Landslide early warning systems: monitoring systems, rainfall thresholds, warning models, performance evaluation and risk perception».

Den eine av dei to artiklane er eit samarbeid med dei regionale myndighetene som varslar jordskredfare i Piemonte, Italia. Artikkelen samanliknar dei to varslingstenestene for jordskredfare – den nasjonale i Noreg og den regionale i Piemonte, med hendingane våren 2013 som døme. Same vêrsystemet gjorde liknande skader i Italia og Noreg våren 2013. Etter å ha forårsaka jordskred og flom i Italia trakk vêret seg nordover og til Noreg, fortsatt med høge temperaturar og mykje nedbør. Dette førte til det mange kjenner som Pinseflommen i 2013, der mellom anna fleire hus i Kvam i Gudbrandsdalen fekk store skader. Last ned artikkelen her.

Den andre artikkelen er om Jordskredvarslinga i NVE. Om kva vi gjer og kvifor, og på kva måte. Det er mange som er interessert i kva vi gjer, både her heime og i utlandet. Endeleg har vi ein artikkel å vise til, og så attpåtil på engelsk! Det var ein svært nyttig – og omfattande – prosess å skrive artikkelen og få tilbakemeldingar frå andre internasjonale forskarar. Det som skil den norske jordskredvarslinga frå mykje anna vi kan samanlikne oss med internasjonalt er: Vi varslar regionalt, ikkje lokalt. Vi nyttar terskelverdiar som er berekna på eit hydrologisk grunnlag, nemlig ein samanheng mellom vassmetting i bakken og kor mykje vatn som blir tilført i form av regn og snøsmelting. Og, vi har tett samarbeid med Flomvarslinga. Vassmetting i jord og tilførsel av vatn kan vi berekne for heile Noreg, for kvar kvadratkilometer av landet, takke vere Flomvarslinga sine hydrologiske modellar. Jordskredvarslinga har hatt god nytte av det som allereie var etablert hjå Flomvarslinga, og Flomvarslinga har fått nye produkt som følgje av etableringa av Jordskredvarslinga. Last artikkelen ned her. 

Da treng du ikkje lenger lure på kva du skal lese på stranda i sommar!